mandag, mars 10, 2008

Misjonær av type døgnflue!

I går skulle John Torjus tale på eit møte på Nannestad og med som reisefylgje hadde han meg, Johanne, Ann Helen og Marianne som var på besøk frå Tromsø. Marianne har ein ganske god evne til å overtale meg til ting, kanskje spesiellt til å synge. Så eg skulle óg synge på møtet. Ikkje problem å synge når eg har slik ein god pianist!

Då me hadde komme fram til bedehuset var det ei stunn til møte skulle begynne, så me sat og snakka litt. Sånn gjekk det (etter hukommelsen):

Marianne snakkar med ei ho kjenner på Hurdal Verk Folkehøgskole og når ho er ferdig seier ho: "Du? Du har ikkje lyst å ta ein tur til Hurdal etter møtet?"
Eg: "Jo, det vil eg! Då kan eg treffe Marta på GUS som kom tilbake frå Mali i går!"
Ann Helen: "Me skal ikkje ta eit møte der og?"
Marianne: "Jo, det kan me gjer! Eg ringer til Beate og spør om me kan det"

...

Marianne kjem att etter å ha snakka med Beate og seier: "Me kunne komme der og. Eg sa me kunne ha møtet kl. 21.30. Er du med på møte på Hurdal etterpå, John Torjus?"
John Torjus: "Du verden. Ja, det kan me jo."


Møtet på Nannenstad gjekk som smurt! Det var ei koseleg forsamling med fire eldre koner og to yngre ektepar (yngre = ca. 50 år). John Torjus hadde ein veldig bra tale og sangen gjekk óg greit... Etter møtet fekk me kaffi og litt kaker. Det var enormt gilt å komme til ei slik liten forsamling utanfor storbyen og me merka at dei sette stor pris på at me kom!


Då me var ferdige på Nannestad gjekk altså veien videre til Hurdal Verk. Der hadde me tidenes mest improviserte møte! Eg song ein song som eg lærte eit kvarter for møtet (kunne både tekst og melodi frå før, men hadde ikkje høyrt den kombinasjonen før). Det gjekk greit utanom at eg måtte improvisere litt på teksten:P Ellers hadde dei fire andre kvar sitt vitnesbyrd.


Etter møtet på Hurdal Verk kom toppen på kransekaka! Eg fekk treffe Marta igjen!! Ho har vore i Mali og eg hadde ikkje sett ho på fem månader! Det var heilt fantastisk:)


Alt i alt må eg sei at det var ein veldig bra dag! Kjekt å komme til ei lita forsamling som ellers har lite møtevirksomhet! Det er óg bra å merka at Gud kunne bruke oss på måtar me ikkje hadde forutsett!

12 kommentarer:

figgi sa...

Godt innlegg Anne, gjenopplevde d litt nå her eg sidde.. :P Du verden..
To ting bare (elle kanskje litt flerre) Hu hette Beate, hu Marianne kjenne på HV, d va nr.1, å ka e greiå me "õ"? den forsto kje eg, sjøl om eg greide lesa meg t ka du ville sei :P

(d e forresten ein d i slutten av Nannestad)

gjett hvem... sa...

artigt! stemmer for at neste gang, gjør dere det på LILLEHAMMER! JA! det var en god ide!

Anne sa...

Johanne: óg æ enn litt meir nynorske form for også. Dæ går an å skriva også på nynorsk ao, men føle óg passe litt bære:)

Karoline(?): LETT at me kjæme te Lillehammer enn gong!

figgi sa...

jo takk anne, d me óg vett eg åg, men d va ~ den der (<-) eg ikkje hang me på.. d e forskjell på ~ å ´..

Kathrine sa...

haha, konge :-p. improviserte ting er bare gudd ;-)

Anne sa...

Johanne: VM i pirking, eller? Nå he æg fiksa alt...

Kathrine: Ja, du kan jo enn del om improvisering. Du klarte jo å improvisera enn type! Dæ æ skills:)

marianne sa...

Halloen tøffe Anne!

I sir bare -"kult"! :)

Ruth sa...

hehe, sykt kult. hørtes ut som dåkk hadd d skikkeli arti ja :)
glede mæ artot te å møt dåkk igjen æ no =)

Johanne sa...

Oh yes, VM, å eg vinne!! :)

Anne sa...

Ruth: Kæ betyr artot? Noge du he plukka opp i London?

Johanne sa...

Eg har allerede vonne VM i pirking Anne, du trenge kje bjunna du åg ;)

Men d va kje veldi tydelig ka d sko bety nei, så eg vil egentli vida svare eg åg :P

marianne sa...

Hei Anne! Eg e ikkje så ofte inne på bloggen din, d må eg innrømma... Hehe! Men her e jaffal ein kommentar t et bra innlegg! Sitte og gjenoppleve d litt eg og nå, bare leeeenge ittepå. D va ein utrolig bra kvell, altså! Glede meg t neste gang!:)